Ein epoke er forbi.........
Eg har nettopp vore inne på ein del bloggar å sjekka litt, men det er ikkje så mange som er så aktive for tida, meg sjølv inkludert. Så etter å ha lest innlegget til Leif Harbo (som forresten har vore flink gutt med blogging i det sista), så fekk eg inspirasjon til å skriva litt om eit kapittel som no desverre er avslutta i livet mitt. Eg vil gjerne dedikera dette innlegget til ho som fekk meg til skulen store delar av mi skuletid, har teke meg rundt på mykje kjekt både på klepp og bore, og kanskje til og med nokon feriar. Nei, eg snakker ikkje om mor (sjølv om eg godt kunne gjort det), eg snakker selfølgeleg om SKULEBUSSEN. Ok, så var det bare kødd då, får skriva litt om skulebussen ein annan gong, for no tenkte eg å skriva litt om bilen min (les: min forhenverande bil), nemleg ein knall gul Volvo 240 GLE 1979 modell. Etter to kalde vintrar på min 2000 modell Kawasaki Eliminator 125cc (les: noch ein mal, forhenverande Kawasaki Eliminator), var det konge å få seg bil, etter bare eit utal timer med skruing var bilen klar for veien, og samme kva andre seier, det er noko eige med den fyrste bilen ein eig, det er på ein måte vanskeleg å forklara, men eg trur aldri eg kommer til å gløyma den gule 240 (kanskje fordi den har ein heilt spesiell evne til å klara å halda seg vekke frå knoksen, slik at me faktisk aldri blir kvitt den:)) I frå sin spede start, der meg og Andreas køyrte rundt Orrevatnet rett etter me hadde fått svev på bilen, og eg var frå meg av lykke, til lykken like etter gjekk over til fortvilelse då bilen stoppa borte på Bore. Men feilen vart avdekkja, og bilen gjekk deretter som ei klokka (les: litt sånn billege klokka, mulligens noko slikt som ein kan få kjøpt på jærdagane for 2,50), men likevel, etter det har den faktisk alltid sveve. Utenom den gongen den kokte, etter nok så må har vore ca ein halvtime med hard spinning utføre Klepp Bedehus fyrste nyttårsaften eg hadde lappen. På alle slags turar, både på og utføre veien, i lat slags vær og i alle slags situasjonar, så har den aldri svikta meg. Takk skal du ha 240, du har vore til stor glede for meg. Men ettersom eg no er i Oslo, og ikkje har så mykje bruk for bil, og min bror tilfeldigvis har blitt 18 år, så har eg måtte gi stafettpennen videre til Ingvar, og eg håper at den kommer til å gi han like mykje glede som den har gitt meg ( og på mange måtar kan ein vell sei at det har den allerde gjort, og vell så det:)).