Friday, November 11, 2005

Tja, kva var det no eigentleg så skjedde?

Mange har nok blitt overraska av mitt siste innlegg, ja det er utruleg, men faktsik så er det sant, Anne Rut slo meg i leirdueskyting. Nokon trudde gjere at eg skreiv om dette fordi eg ikkje hadde noko betre å skriva om (og det er jo i grunnen heilt korekt, men no har eg funne ein måte å utnytta det til min fordel). For sidan Anne Rut var heilt i ekstase over å ha truffe ei leirdua........, og eg ikkje hadde truffe nokon. Grunne til dette var enkel nok: Anne Rut hadde noko heilt enormt med flaks, og eg hadde noko heilt enormt med uflaks. I tillegg skaut me berre to leirduer kvar, og sidan løpet på geværet mitt heilt sikkert var skeiv (noko som har uendeleg stor betydning i leirdueskyting), at det akkurat kom ein lokal storm når eg skulle skyte, at han som heiv dua, heiv den feil vei, at eg fekk sola i auga, at regnet gjorde det vanskeligt å sjå klart, i tillegg til at det seig inn ein tjukk tåke, som gjorde at det var mest heilt umogleg å sjå gjennom det tette snødrevet, så skjedde det utenkelige, eg syntes så synd på Anne Rut der ho stod, at eg følte det var mi plikt å bomme, og som den greie karen eg er, så gjorde eg akkurat det. Nettopp på grunn av dette vart Anne Rut kjempeglad, og det er jo ein kjennsgjerning at "den største glede ein kan ha, det er å gjere andre glad:)" Er ganske sikker på at det var slik det foregjekk.......................

3 Comments:

Blogger Hs said...

nei, nå har eg sett dette innlegget stå her ein dag(og nesten to) uten nogen kommentarer- derfor tenkte eg at du måtte få ein nå!

sånn ellers: hekta på anne rut eller? ke må eg gjer for å få et innlegg som handle om meg? må eg slå deg i leirdueskyting for å fortjena det... i såfall kan eg nok bare leva i drømmen om det sga skje!!! (oi, et indirekte komplement der eg seie du e flink å skyta leirdue, samtidig som det og må bety at eg skryte av anne rut si hu faktisk klarte å slå deg en gang)

6:47 PM  
Blogger håvard tenker tull said...

Dette kommentaren skrive eg bare for å få det til å stå "2 kommentarar" under innlegget mitt. Det har seg sånn at eg og Steinar har fordelt dokk mellom oss, eg skriv og Anne Rut, og Steinar skriv om deg, enkelt og greit. Og ja, dersom du nokon gong slår meg i leirdueskyting skal eg skriva eit enormt langt innlegg om deg:)

2:39 AM  
Blogger magnus said...

denne kommentaren skrive eg bare for at det skal stå tre kommentarer på sida di. Eg husker det ikkje sånn i det heile, sånn eg huske skøyt du dobbelt så mykje som oss andre fordi du angiveleg skulle vere betre, men så gjekk det altså som det gjekk

1:08 PM  

Post a Comment

<< Home