Monday, October 17, 2005

I like
hekkans fotball

Friday, October 14, 2005

Egg, bacon, avtrekk, damer, fisk og sånn

Sidan overskrifta "Nok ei helg i Oslo" ikkje var så spannande, vell eg derfor ei anna overskrift. Medan eg skriv dette her, har innlegget mitt ikkje noko overskrift i det heila tatt, ikkje ein gong ein arbeidstittel, men eg kjem nok på noko etter kvart. Her i Oslo går det mest som før, eg har funne eit rom der eg som regel kan få sova litt på skulen, men eg må ligga oppå nokon pultar, så det er litt begrensa kor godt det er. Eller så står faren til Magnus ute på verandaen ( eventuelt altanen, terasse trur eg det ville vera litt drøyt å kalla det, så det gjer eg derfor ikkje), og sagar på nokon bord som dei skal skru opp på kjøkkenet. For no skal me få skikkeleg avtrekk, ikkje berre eit dårleg filter, men eit avtrekk så går ut og opp av leiligheita. Eit anna alternativ som faren til Magnus hadde( frå no av refererer eg han til Rolv)(håper det ikkje skrives Rolf)(kan jo eventulet spøra han, han er på kjøkkenet og eg sitter i stova, men eg trur ikkje eg gidder det)(søren, når eg leser kva eg sjølv har skreve så trur eg søren meg sann det er Rolf han heitar, så då kaller eg han heller det), var å trekkje avtrekket inn på rommet til Lars, slik at dersom me ville ha han tidleg opp om morgonen, kunne me bare steika egg og bacon, dermed så ville han vere oppe på eit blunk. Skulle me derimot ha besøk av jenter, og ikkje ville bli forstyrra av Lars, så var det jo bare å steika fisk eller noko liknande. Akkurat her trur eg kanskje den ideen byrjar å slå sprekker, for dersom nokon av oss endeleg skulle klare å få med oss ei jente opp her, så ville vell sjansen for at ho skulle komma igjen vere nokså liten dersom me serverte ho fisk fyrste kvelden, men på ei anna side så veit ein jo aldri. Og når sant skal seiast, så har jo faren til Magnus (kallar han berre det, så slepp eg "Rolf, Rolv" problemet) hatt dama ganske så lenge, og dermed har jo han mykje meir peling og erfaring enn oss andre, så du skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir fiskaservering i denne leiligheita ein eller annan gong. Nei, no er det slutt på å liggja her som ein slakking, eg går heller ut å hjelper Magnus og hans far. Ha det bra.