Friday, September 16, 2005

Innlegg til (og til ære for) Kristina.

Hei Kristina, eg har lest mange av kommentarane dine til innlegget om SV, på bloggen til Steinar Salte. Eg har i den siste tida funne ut at eg har ganske mange meiningar rundt akkurat dette med måten å styra land på generelt, og det som er mest aktuelt akkurat no, er jo overgangen til ei raud-grøn regjering. For det meste pleier det eg seier å skrive vere rimeleg usaklig, i alle fall dersom ein skulle på i djupna på det, og det har eg absolutt tenkt og forsetja med, rett og slett fordi eg liker det sånn. Men opp i alt dette usaklig tullet som eg lirer av meg, ligger det som oftast ein liten kjerne som eg verkleg meiner, og som eg faktisk kan stå for. Ein av desse tinga er faktisk at eg meiner at alt ikkje skal vere rettferdig her i livet, sjølv om det jo kan høyrast litt egoistisk ut. Derfor tenkte eg at eg skulle prøva og forklara litt nærmare kva eg meiner med at ”alt ikkje burde vere rettferdig”, med eit lite eksempel, som eg bare har funne på sjølv. Eg trur eg forstår kva dei meiner med argumenta dine for at alle skulle og burde ha det like godt her i landet. Det er ingen tvil om at det i utgangspunktet er ein god og nobel tanke, som det er svært vanskeleg å argumentera mot, isolert sett. Men det eg vil prøva å visa med den litle historia mi, er korleis ein slik tanke kan få utslag i eit litt større perspektiv.
Eg er ganske sikker på at du har gjort det nokså bra på skulen, og tenkte derfor at det kunne vere eit godt utganspunkt for eit jordnært (om enn ikkje heilt perfekt), eksempel på ”din” politikk i praksis.
Tenkt deg at du går fyrste året på vidaregåande skule, og i den fyrste norsktimen får dykk i oppgåve å skrive ein stil, og den skal leverast inn neste måndag. Du går heim å byrjar å skrive på stilen din, du skriv og skriv, men er ikkje heilt fornøgd, så du må skrive den litt om for å få den slik du vil ha den. Det er tross alt viktig å gjera det bra på skulen, og då får det heller våge seg at det tar litt tid. Til slutt får du faren din til å vera med å retta den, og på måndagen kan du stolt levera inn stilen din, for du veit at dette er eit solid arbeid. Til din store overrasking, har ikkje guten på nabopulten, ”Per”, skrive nokon stil, enda fristen gjekk ut denne dagen. Men ”Per” veit råd, han skriv bare namnet sitt på eit blankt ark, og lever det inn i lag me alle dei andre stilane. Læraren lovar høgtideleg at ho skal retta alle stilane til neste fredag.
Tenkt deg så at læraren kjem inn i klasserommet på fredagen, og leverer ut stilane. Du får igjen stilen din, ser på karakteren, og blir kjempefornøgd, du fekk ein seksar. Men så oppdagar du plutseleg til din fortviling at ”Per”, guten på nabopulten, også fekk ein seksar. Du får ikkje dette til å stemme, og går derfor straks opp til læraren din, og spør kvifor ”Per” fekk like godt karakter som deg på stilen, sjølv om han bare har skrive namnetrekket sitt på eit blankt papir, medan du har brukt mykje tid og krefter på å skrive ein god og lang stil.
Då ser bare læraren uskyldig bort på deg og seier: Eg syntes det var så urettferdig at elevane skulle då forskjellige karakterar, det er jo så stor forskjell på kor gode føresetnadar dei forskjellige elevane har har, og ikkje minst kor innstilte elevane er på å stå på for gjere ein god innsats. Derfor bestemte eg meg for at frå no av skal alle få like karakterar, uavhening av kor flike dei er, og av kor mykje tid dei har langt ned i arbeidet. Dette synes eg er det mest rettferdig systemet, og difor skal det alltid vere slik framover.Du står og ser på læraren, medan du prøver å svelgja argumenta hennes. For ho har jo på ein måte rett, det er jo på ein måte dette systemet som er det mest rettferdige.
Mitt spørsmål er då: Kan du med handa på hjarta sei at du hadde gidda å forsetja å skriva dei lange og gode stilane dine, som du legg så mykje tid og arbeid ned i, viss du hadde visst at fekk akkurat same karakteren som dei som ikkje gjorde nokon ting? Og om du så meiner at akkurat du hadde gjort det, trur du det var mange i den ”ekte” klassen din som ville gjort det.

Den finnes mange typar rettferd her i verda, og det er ikkje sikkert at det er mest rettferdig at alt er rettferdig.
Det der høyrtes kanskje litt vell djupt ut, men dykk får ta utgangspunkt i at det kjem frå ein enkel bondeson, som enno er ung (sjølv om eg nok snart burde har vore gift og hatt eit par ungar snart). Det kan veldig godt kan vere at eg kjem til å endre mitt synspunkt på mange ting her i livet, etter som tida går, og eg får meir erfaring og livsvisdom. Men på ei anna side er det litt feigt å ikkje ha meiningar om ting, og derfor så kjem eg no med dei, så får me bare sjå korleis det går.

9 Comments:

Blogger Hs said...

har egentlig ikkje så mye å kommentera med tanke på det du skreiv. Men når eg såg det stod "0 comments" på dette innlegget, så då tenkte eg: stakkars håvard. her har han såde å skreve et såååå langt innlegg om noge som han verkele engasjere han - åsså e der ingen som har kommentert!!!
så derfor har du her ein kommentar frå meg t deg.
ein sympatikommentar ;)

5:36 AM  
Anonymous Anonymous said...

Eg e så enig så enig. Der sko våre flat beskatning på 30% på heile fjølå. En som tjene 1.000.000 sko betalt inn 300.000 i skatt, mens en som tjene 200.000 sko betalt 60.000. Det e jo faktisk det som e rettferdig! Han som tjene 5 gånge så møje betale 5 gånge så møje i skatt og.

Men så burde det våre sånn at når en e pensjonist, så sko alle fått samme pensjonsutbetaling. For då har en utført et livslangt arbeidsliv, og dovaskeren har gjort en like nødvendig jobb som direktøren, sjøl om an ikkje har gjort en så verdiskapende jobb.

Eg e redd en sosialistisk regjering vil gjør det ennå lettare for dei som ikkje går på jobb om mårånen for "eg har litt vondt i håve idag".

Eg e så enig så enig med deg, Håvard. Rettferdighet e ikkje at alle ska ha det likt. Rettferdighet e at dei som vil noge får betalt for det, mens dei som ikkje vil, må finna seg i mindre.

Men når det e sagt, må en jo ta seg av taperane i samfunnet og.

6:43 AM  
Blogger Leif Harbo said...

Trur denne krigen vår kan bli vanskelig ja... skal ikkje heller aliere oss, og erobre webben ilag?!? hehe...

som ein kommentar til rettferdighet, sv, Kristina, og alt det der: Du skal ikkje gjer forskjel på folk, men det ER forskjel på folk!

2:59 AM  
Blogger Kristina said...

sjukt! eg må innrømma at "I'm a little honored"(eller kossen d skrives?) for at du skreiv ein så siiiinsjukt lange mail t (ære for)meg. men eg trur kanskje dåkk drar d litt langt :P

eg e ikkje imot forskjeller, selfølgelig: alle kan ikkje ver like, d hadde blitt någe så ekstremt kjedelig. og d kåmme alltid til å ver forskjell mellom rik og fattig, jobbar(og for den saks skuld karakterar), men d e vel ingenting i vegen for å prøva å få skille litt mindre?

dei så har viiiilt med pengar har d jo faktisk enormt bra uansett om ein har 4 eller 14 millionar i året! men for andre kan ein tusenlapp i månaden ver eit spørsmål om barna deira får ete seg mette eller ikkje.

eg prøve ikkje å sletta alle forskjeller og ulikheter her i samfunnet, eg vil bare få dåkk t å tenka på kor utrulig godt me egentli har det.
selfølgeli bør dei så arbeidar meir, få meir pengar, men treng skille vera så stort?må det bety at dei som får minst må tenkja kvar dag på korleis ein skal få råd til nok mat den månaden?

8:30 AM  
Blogger Kristina said...

*lange blog. savne ennå mailen:P

8:36 AM  
Blogger Kristina said...

eg må forresten bare sei at eg ikkje egentlig fatte kaffor me diskutere dette her: dei rød-grønne har vonne uansett ka me vil eller ikkje.
så nå melde jaffal eg meg ud av denne diskusjonen, men til slutt vil eg bare sei:

jesus tok seg av dei svake og dei som var langt nede i samfunnet, men selfølgelig: me som kristne kan jo bare drida i dei, for bare tenk på ka det konne gjort med oss og vår velstand

8:25 AM  
Anonymous Anonymous said...

kristina: koss sga norge øveleva SV sin politikk, viss dei bare tar meir å meir skatt av dei så tjene øve 600 000, å trekke ifrå skatten på dei tjene onna 300 000?kem gidde vel ta å ingenør utdanning, når dei kan ta ein vaske jobb for så å sitta igjen me d sama som ein ingenør itte skatt?den politikken stimulere ikkje akkurat te vekst innen industrien, å kor sga då SV å co ta alle pengene ifrå?joda, me bruge olje fondet, smart, drid i dei så kjeme itte oss når all oljå e oppbrukt.

1:30 PM  
Anonymous Anonymous said...

Forstår ikkje dei som kan stemma på Ap eller Sv. Parti som går inn for å øke abortgrensa te 16mnd. Halooo.... Ungane skrike jo når de e så gamle. Eg blir kvalm.

10:57 PM  
Blogger Leif Harbo said...

bibelen snakker da masse om talenter, og oppfordrer oss til å bruke dei, ikkje grave dei ned, og at vi skal få lønn deretter... og ikkje kom her og sei at ein vanlig familie der begge foreldra er lærere, jobber i barnehage, eller den norske kirke, må velge mellom klær eller mat til barna sine... bull!! ein heilt anna ting er dei som har ramla utenfor, dei skal me ta oss av... men den dårlige samvittigheten du Kristina prøver å gi meg fordi eg ikkje er sosialist, den preller så lett av atte.. Nei fatter ikkje keffor me diskuterer dette, det er jo fordi jens & co har lurt over halve landet.. det skal dei ha for!

1:31 AM  

Post a Comment

<< Home