EI helg i Oslo
Hadde eg hatt litt peilinga på teknologi, så skulle eg hatt eit bilete av Magnus, Lars, Øystein, Hanne Siri, Eli og Anne Rut (Lurer du på kvifor eg ikkje er med på bilete, jo det er jo selfølgeleg er som tar det med det tenkta kameraet som eg eigenteleg ikkje har), og grunnen til at eg tar dette "biletet", er jo nettopp at HS, AR, og Eli er her på besøk i helga, og det var jo veldig kjekt med litt besøk. Nå kan me endeleg skrøyta over å hatt kvinneleg overnattingsgjester, og rekner med at respekten vår på skulen og i våre respektive omgangskretser kommer til å stiga betrakteleg. Dette har me venta på lenge, takk skal dykk ha:) Sånn ellers har me sitt på slottet, Karl Johann, Lars har spraya HS med gratis Axe deodorant sånn at ho lukta mann lang vei, me har funne ut at gratis wasa kjeks med kvitløksmak, er betre enn gratis wasa kjeks utan kvitløksmat, Øystein fekk bytta shortsen sin i ein som passa, og fekk 20 kroner tilbake, og eg fekk kjøpt meg klatreutstyr, og til slutt gadd me ikkje å kjøpa kaffi på bakeriet for det var så lang kø. Dette stod nok ikkje i heilt rektig rekkefølgje, men kjekt var det no likevel. No skal Lars, Eli og Øystein på Bryne kamp, Magnus skal grina litt fordi eg skjøv han inn i ein stikkertbusk i går, HS kommer nok til å trøyste han litt, og eg skal sitte å fikle med klatreutsyret mitt, og innbilla meg sjølv at eg har peiling på klatring, alt i alt så er det i vanleg helg i Oslo. Me snakkes godt folk:)
PS: Til Kristina, som ein avslutning til diskusjonen vår må eg sei at eg er eit stort fan av mottoet til Fiskå og Mølle, og det ligg utruleg mykje sant i det.
PS: Til Kristina, som ein avslutning til diskusjonen vår må eg sei at eg er eit stort fan av mottoet til Fiskå og Mølle, og det ligg utruleg mykje sant i det.
6 Comments:
Ei bra helg i oslo!!
takk for at me fekk bu sjå dåkk.
plutslig komme me tbage :)
Takk for ei flotte helg!Vannvittig kjekt å komma på besøk å se kos dåkk hadde d å i tillegg bli så godt tatt i mot. Komme gjerna igjen! Så må eg jo sei at eg e stolt øve at mitt navn va d einaste jente navnet du skreiv rektigt heilt ut innlegget;)
eg e vel litt seint ute med å kommentera, men eg og vil bare benytta anledningen t å takka for den goda helgå i oslo!
ps.endelig har mannaluktå gått ut av jakken min... =) har stikkertene gått ut fra håndå t magnus?
Når eg leste kommentaren din Eli, så tenkte eg med ein gong at eg hadde gått på ein kjempe smell, så eg gjekk igjennom teksten for å sjå kor eg hadde kallt Hanne Siri og Anne Rut for Hanne Marie eller Ann Helen, eventulet bytta om namna på dei to, men så gale var det heldigvis ikkje:) Tippe au at Anne Rut hadde vore litt fornerma då, og skreve noge om det i kommentaren sin.
Når det gjelder stikkerbuskane så har eg hatt så dårleg samvit at eg ikkje har turt og spørja Magnus enno, men eg skal prøva å manna meg opp til det i dag. Og til din informasjon, kan eg seia at eg hadde ete poteter i Oslo før dokk kom på besøk, men eg må takka alle dokk for den gode middagen, ingen til er som å komma heim til ein god middag etter ein lang dag på skulen:) Me snakkes plutselig (i alle fall i følgje Anne Rut)
Du kan ver sikker på at eg hadde gitt beskje, ja :)
du... enn ting som irritere meg noge grenselaust e at du har skreve øveskriftå sånn: "EI helg i Oslo"... Keffor akkurat store E og I? E d for å understreke at det bare var ei helg, og ikkje to liksom(isåfall så e d teit)...eller e det rett og slett bare ein liten feil som var til stor irritasjon?
(har eg lite å gjer på....hmmm, ja)
Post a Comment
<< Home