Sunday, September 25, 2005

EI helg i Oslo

Hadde eg hatt litt peilinga på teknologi, så skulle eg hatt eit bilete av Magnus, Lars, Øystein, Hanne Siri, Eli og Anne Rut (Lurer du på kvifor eg ikkje er med på bilete, jo det er jo selfølgeleg er som tar det med det tenkta kameraet som eg eigenteleg ikkje har), og grunnen til at eg tar dette "biletet", er jo nettopp at HS, AR, og Eli er her på besøk i helga, og det var jo veldig kjekt med litt besøk. Nå kan me endeleg skrøyta over å hatt kvinneleg overnattingsgjester, og rekner med at respekten vår på skulen og i våre respektive omgangskretser kommer til å stiga betrakteleg. Dette har me venta på lenge, takk skal dykk ha:) Sånn ellers har me sitt på slottet, Karl Johann, Lars har spraya HS med gratis Axe deodorant sånn at ho lukta mann lang vei, me har funne ut at gratis wasa kjeks med kvitløksmak, er betre enn gratis wasa kjeks utan kvitløksmat, Øystein fekk bytta shortsen sin i ein som passa, og fekk 20 kroner tilbake, og eg fekk kjøpt meg klatreutstyr, og til slutt gadd me ikkje å kjøpa kaffi på bakeriet for det var så lang kø. Dette stod nok ikkje i heilt rektig rekkefølgje, men kjekt var det no likevel. No skal Lars, Eli og Øystein på Bryne kamp, Magnus skal grina litt fordi eg skjøv han inn i ein stikkertbusk i går, HS kommer nok til å trøyste han litt, og eg skal sitte å fikle med klatreutsyret mitt, og innbilla meg sjølv at eg har peiling på klatring, alt i alt så er det i vanleg helg i Oslo. Me snakkes godt folk:)

PS: Til Kristina, som ein avslutning til diskusjonen vår må eg sei at eg er eit stort fan av mottoet til Fiskå og Mølle, og det ligg utruleg mykje sant i det.

Friday, September 16, 2005

Innlegg til (og til ære for) Kristina.

Hei Kristina, eg har lest mange av kommentarane dine til innlegget om SV, på bloggen til Steinar Salte. Eg har i den siste tida funne ut at eg har ganske mange meiningar rundt akkurat dette med måten å styra land på generelt, og det som er mest aktuelt akkurat no, er jo overgangen til ei raud-grøn regjering. For det meste pleier det eg seier å skrive vere rimeleg usaklig, i alle fall dersom ein skulle på i djupna på det, og det har eg absolutt tenkt og forsetja med, rett og slett fordi eg liker det sånn. Men opp i alt dette usaklig tullet som eg lirer av meg, ligger det som oftast ein liten kjerne som eg verkleg meiner, og som eg faktisk kan stå for. Ein av desse tinga er faktisk at eg meiner at alt ikkje skal vere rettferdig her i livet, sjølv om det jo kan høyrast litt egoistisk ut. Derfor tenkte eg at eg skulle prøva og forklara litt nærmare kva eg meiner med at ”alt ikkje burde vere rettferdig”, med eit lite eksempel, som eg bare har funne på sjølv. Eg trur eg forstår kva dei meiner med argumenta dine for at alle skulle og burde ha det like godt her i landet. Det er ingen tvil om at det i utgangspunktet er ein god og nobel tanke, som det er svært vanskeleg å argumentera mot, isolert sett. Men det eg vil prøva å visa med den litle historia mi, er korleis ein slik tanke kan få utslag i eit litt større perspektiv.
Eg er ganske sikker på at du har gjort det nokså bra på skulen, og tenkte derfor at det kunne vere eit godt utganspunkt for eit jordnært (om enn ikkje heilt perfekt), eksempel på ”din” politikk i praksis.
Tenkt deg at du går fyrste året på vidaregåande skule, og i den fyrste norsktimen får dykk i oppgåve å skrive ein stil, og den skal leverast inn neste måndag. Du går heim å byrjar å skrive på stilen din, du skriv og skriv, men er ikkje heilt fornøgd, så du må skrive den litt om for å få den slik du vil ha den. Det er tross alt viktig å gjera det bra på skulen, og då får det heller våge seg at det tar litt tid. Til slutt får du faren din til å vera med å retta den, og på måndagen kan du stolt levera inn stilen din, for du veit at dette er eit solid arbeid. Til din store overrasking, har ikkje guten på nabopulten, ”Per”, skrive nokon stil, enda fristen gjekk ut denne dagen. Men ”Per” veit råd, han skriv bare namnet sitt på eit blankt ark, og lever det inn i lag me alle dei andre stilane. Læraren lovar høgtideleg at ho skal retta alle stilane til neste fredag.
Tenkt deg så at læraren kjem inn i klasserommet på fredagen, og leverer ut stilane. Du får igjen stilen din, ser på karakteren, og blir kjempefornøgd, du fekk ein seksar. Men så oppdagar du plutseleg til din fortviling at ”Per”, guten på nabopulten, også fekk ein seksar. Du får ikkje dette til å stemme, og går derfor straks opp til læraren din, og spør kvifor ”Per” fekk like godt karakter som deg på stilen, sjølv om han bare har skrive namnetrekket sitt på eit blankt papir, medan du har brukt mykje tid og krefter på å skrive ein god og lang stil.
Då ser bare læraren uskyldig bort på deg og seier: Eg syntes det var så urettferdig at elevane skulle då forskjellige karakterar, det er jo så stor forskjell på kor gode føresetnadar dei forskjellige elevane har har, og ikkje minst kor innstilte elevane er på å stå på for gjere ein god innsats. Derfor bestemte eg meg for at frå no av skal alle få like karakterar, uavhening av kor flike dei er, og av kor mykje tid dei har langt ned i arbeidet. Dette synes eg er det mest rettferdig systemet, og difor skal det alltid vere slik framover.Du står og ser på læraren, medan du prøver å svelgja argumenta hennes. For ho har jo på ein måte rett, det er jo på ein måte dette systemet som er det mest rettferdige.
Mitt spørsmål er då: Kan du med handa på hjarta sei at du hadde gidda å forsetja å skriva dei lange og gode stilane dine, som du legg så mykje tid og arbeid ned i, viss du hadde visst at fekk akkurat same karakteren som dei som ikkje gjorde nokon ting? Og om du så meiner at akkurat du hadde gjort det, trur du det var mange i den ”ekte” klassen din som ville gjort det.

Den finnes mange typar rettferd her i verda, og det er ikkje sikkert at det er mest rettferdig at alt er rettferdig.
Det der høyrtes kanskje litt vell djupt ut, men dykk får ta utgangspunkt i at det kjem frå ein enkel bondeson, som enno er ung (sjølv om eg nok snart burde har vore gift og hatt eit par ungar snart). Det kan veldig godt kan vere at eg kjem til å endre mitt synspunkt på mange ting her i livet, etter som tida går, og eg får meir erfaring og livsvisdom. Men på ei anna side er det litt feigt å ikkje ha meiningar om ting, og derfor så kjem eg no med dei, så får me bare sjå korleis det går.

Wednesday, September 14, 2005

Gi SV plass, å så går heila Norge i dass.

Dersom du er ein uendeleg stor tosk og har stemt SV, så gjer eg oppmerksam på sterke kommentarar og meiningsyttringar i denne "artikkelen". For fy søren så skuffa eg vart då eg fekk høyra at SV kom til å få regjeringsmakt i det eller så fina landet me har. Dersom du samanlikner Norge med ein ei stor plate me melkesjokolade (som i utgangspunktet er uendeleg godt, fullt opp av flotte damer, fin natur, til nå bra regjering osv), så kan du samanlikna SV med den litle arsenikk biten midt inne i sjokoladen, som faktisk øydeleggjer for dei resterande 199 gramma av den flotte sjokoladen. Hekkan, eg må blir mesten frista til å ty til grove ord når eg tenkjer på arsenikk biten (les: SV, men tenkt gjerne på arsenikk, det går jo ut på det sama). Til dagleg går me rundt og nyter sjokoladen vår, smiler og er fornøgdt, men i løpet av dei neste fire åra er det ingen tvil om at du kommer til å smaka på arsenikken, enten du vil det eller ikkje, og kanskje når du mist venter det. Eg nemner i fleng høgare skatt, kveling av unge bedrifter, tidobla arbeidsledighetstryd, og generelt meir pengar til dei som ikkje gidder å gjera ein dritt, i tillegg til ein øydelagt arbeidsmoral og ein påfølgjande økonomisk katastrofe. Det einaste positiva med dette er at Russland kommer til å stilla i eit mykje betre lys om fire år, for då er det ikkje lenger det einaste akterutseilte landet i Europa, det har nemleg fått følgje (og vell så det) av Norge. No klarer eg faktisk ikkje å skriva meir om dette for eg blir så deprimert. I morgon skal eg ta meg heilt fri frå skulen og gjer nettopp det som store gutter ikkje gjer........................

Thursday, September 08, 2005

Ein liten blund på auga.

Som dei fleste sikkert veit går eg no på byggingeniørstudiet i Oslo. Det er i grunnen heilt greit, kan vere litt tungt med matte og fysikk, det er jo ei stund sidan sist eg dreiv på med slikt, men i grunnen så går det ganske greit. Skulen er ein gamal byggning som ligg eit par steinkast i frå Aker Brygge, og er i grunnen veldig bra, så uten om at ventilasjonen suge. I løpet av ein dag på skulen har me nokre undervisningstimar, men for det meste skal me sitta å løysa oppgåver sjølv. Dette fører til at me kanskje har forelesningar frå åtte til ti om morgonen, å så har me ikkje meir undervisning får kl tri på ettermiddagen. I desse fritimane skal me jo helst jobba, men av og til må ein jo ha ein pause, og då liker eg å sova litt. Problemet er bare: Kor skal ein sova. Sidan det er ein ganske stor skule gjekk eg på ei lita oppdagelsesferd, og til min store lykke fann eg til slutt eit grupperom inni eit anna grupperom, som var heilt tomt. Her la eg meg til å sova, og vakna utkvilt etter eit par timar, og var klar for litt meir undervisning. Jammen flaks tenkte eg, eg har funne meg mitt eige soverom her på skulen som ingen andre veit om. Det skulle visa seg at eg tok frykteleg feil.......... For lykka vart kortvarig, det var nemleg bare den eine gongen eg fekk sova der i fred, for alle andre gonger er har gått bort der for å sova, så har det vore folk inne på det rommet som jobber med eit eller anna. Fytti så irriterande, at det ikkje går ann å ha eit einaste rom på skulen som er forbeholdt dei som vil sova, nei den skulen har søren ikkje mykje respekt for seg sjølv. Ja ja, sånn er livet........

Saturday, September 03, 2005

Quisling og andre feigingar

Det finnes utallige typar feigingar. Folk som ikkje torer å sove ute åleine, folk som ikkje torer å bade i mars, folk som ikkje torer å fly, folk som ikkje torer å sei det dei meiner, men dei verst av dei alle er dei som ikkje torer å stå for det dei har sagt, eventuelt skrive. Fytti grisen for ein gjeng med taparar, og det mest graverande eksempelet eg har høyrt om til denne tid er ein slask som stal eit uttrykk av ein skikkeleg bra kar, å skreiv om det på bloggen sin slik at det såg ut som om det var noko han hadde kome på sjølv (som om den personen eg referer til slask, ikkje akkurat har sjangs til å tilnerma seg det intelektuella nivået ein må ha for i det heila tatt å koma på eit eige uttrykk). Straks "slasken" vart konfrontert med dette, tok feigingen vekk uttrykket, og skifta det om til noko anna piss. Kjære lesarar, legg merke til kor utruleg FEIG denne personen er, me må heilt tilbake til krigen for å finna ein liknande, nemleg Quisling. Desse to personane har svært mange likhetstrekk, la meg nemna i fleng: Begge har/hadde ei mor, begge bur/budde i eit hus som står ute om natta, begge feiarar/feirte jul, men sist, men slettes ikkje minst, begge to er utruleg FEIGE, og vil/ville ikkje stå for det dei har gjort med ein gong dei møter litt motstand. Nei det er rett og slett patetisk, nye bånnmål er nådd, sørgeleg greier............... PS: Konge bilete av meg i New Hollanden, fytti for ein grisesterke traktor:)

Friday, September 02, 2005

Å stjele, eller ikkje stjele..........

I dag kunne eg til min glede sjå at den gode gamle gnieren Svein Grude frå Klepp hadde fått seg ein blogg. Det er alltid fint å lesa om ungdommar som sitt inne på pc`en og skriver om kor leit det er at dei ikkje får vere ute å sole seg......... Men slike ting er heilt greit for meg, men noko som ikkje er heilt greit for meg er når nokon prøver å stela uttrykka mine, HEI DU DER SVEIN; TRUR DU AT DET VAR DU SOM KOM PÅ: JODA, DET ER GODT MED SKODA?????? Nei, nei og atter nei, er det korrekte svaret. Ikkje det at eg har noko imot at folk trykkjer uttrykket til sist bryst og bruker det, heller tvert imot. Men det som er viktig er at dei veit kven som kom på nettopp det uttrykket, og det var vell ikkje akkurat gode gamle Svein, slik som det kan framgå på bloggen til Svein Grude.
Men som den reale og godhjerta personen eg er, skal eg sjå på dette som ein glipp, og la deg få sjansen til å skrive eit nytt innlegg der du presiserar at uttrykket kjem frå meg (les: Håvard Nese). Sidan eg allerede har gått på vidergåande i eit par år, veit eg at å stela sitat og uttrykk er svært alvorleg, men så kan det også veldig lett rettast opp, og faktisk gjerast til ein bra ting med eit litt, hemmeleg trylleord, nemleg: FOTNOTE. Legg inn ei lita fotnote der du pressiserar kven som opprinneleg kom med uttrykk, så er ingen skade skjedd, og me er framleis gode vener. Med dette sender eg "ballen" over til deg, du kan sjå på det som ein test på vårt vennskap, der alt avhengjer av ditt neste trekk. Lykke til, me sjåast.