HEKKAN!
Når du les overskrifta tenkjer du kanskje: A ha, han seier hekkan fordi han må sitta vakt i påska, men der tar du skammeleg feil. For det er ein heilt annan hekkan eg snakker om denne gangen. Historien starta i går kveld, laurdagskveld på Kleppe bedehus, og det går plutseleg opp for Håvard at båtane ikkje har dei same avgangstidene på søndagen, og ellers i vekedagane. Det gjer at hal åtte båten ikkje eksisterar, og at neste båt går så seint at Håvard ikkje kan vere ombord i båten kl 16.00, hvilket er siste frist for å komme inn, og brudd på det kan føra til refs. Håvard reiser derfor heim, lettare fortvila (ok, så trudde eg vell aldri at det kom til å bli noko stort problem, for alt ordner seg jo alltid til slutt, men dette får historien til å høyrast litt meir dramatisk ut), vell heima fann eg ut at bussen gjekk kvart over ni frå Stavanger, og var framme i Bergen ti over to, perfekt, ikkje noko stress i det heile tatt.
Kvart over ni neste morgon setter Håvard seg inn i bussen, betaler 4o kroner, og er glad og fornøyd over at alt ordna seg så bra til slutt. Etter fjerna, bestemmer han derfor å bevilga seg eit lite minutt på auda, for å feira at ein ei vekes lang sovefest snart skal byrja. Sånn ca ein halv time seinare, vakner Håvard opp, og ser seg rundt omkring, det var merkeleg, kvifor er det bare fem passjasjerar igjen i bussen, det var jo nettopp tretti, og me har jo ikkje stoppt nokon gong. For sikkerhets skyld går eg fram til sjåføren, for å få det bekrefta at det verkeleg er plass til 25 personar på buss toalettet, for det er jo den einaste logiske løysninga at resten av passasjerane er der inne, av ein eller annan merkeleg grunn. Så skjer det, sjåføren ser dumt på meg, og seier at alle som skulle til Bergen har skifta buss, og at desse siste stakkarane skal til Karmøy. Her kjem overskrifta mi inn, du hugsar den ja, nettopp: HEKKAN. Kan dette skje igjen, det skjedde jo seinaste når eg skulle til Sagavoll, sovna, vakna opp, såg at klokka var det den skulle vere når me skulle ha kommt til Bø, og hoppte ut av toget, stolt som ein hane over å ikkje ha forsøve seg likevel. For så, etter ti sekund forstå at han har kommt til ein Gudsforlatt stad, og at neste tog går om ca 17 timar. Men det er ein annan histore, tilbake til denne, for det som skjedde var at eg nå var sikker på at eg måtte belaga meg på refs og masse hekkan. Eg kom meg med på ein annan buss, men den kom ikkje til Bergen før ti over hal fire, og bussen gjekk fem over fire derifrå, og uten å vere eit mattegeni, rekna eg ut at det akkurat ikkje kom til å gå. Derfor hadde eg ikkje noko anna val, enn å bestilla taksi. Med dårleg tid, og hjarta i halsen, hadde eg uendeleg mykje flaks, taksisjåføren min var ein tidlegare soldat i den jugoslaviske hæren, som ikkje hadde mykje til overs for offiserar, og ved hjelp av ein meget sprek Mercedes, var snart alle mine sorgen (og inntekter den neste veka), glemt, der eg smilande kunne entre skuta mi opptil fleire minutter før det var mogleg å refse meg, og i ein slik situasjon synes eg alltid det passer med eit godt sitat, og då vel eg å sitera min gode venn Andreas: Det kan så lett gå godt, og det gjorde det søren au:)

4 Comments:
å så fantastisk å gå inn på bloggen din å sjå ei ny øveskrift! ja, for eg trur kje eg hadde takle å lest o kjære skiturer enn gång t!
å du: du e ei svima!
Du e pigade så blogg-avhenige som du påstår, men eg skal kanskje ikkje sei noko, sidan det er andre gongen eg er inne på kort stund, for det er jo konge å få kommentarar. Vurdere å få meg eit sånn "Jeg reiser alene" kort, tippe det hadde gjort saker og ting litt lettare i live mitt. Eventuelt, må eg bare gifta meg med ei som har goe peiling på sånt, så kan hu ta seg av den delen
Haha, fantastisk!!
D blir ikkje stort bære.
Idiot! Du betalte sikkert meir te taxi en heile potensielle refsen.
Post a Comment
<< Home