Pengar er faktisk ikkje alt.........
No sit eg på ein båt som ligger til kai ved Haakonsvern, og passer på at ingen kommer om bord og stjeler all ammuninsjonen vår. Jammen flaks at akkurat denne båten skulle ha ein haug med skarp ammunisjon og dynamitt liggande, slik at det ville vore uforsvarleg å ikkje ha folk på vakt her i påsken, slik samtlige andre ikkje båtar har. Men men, på ei anna side har eg har meir tid til å tenkja dette året (Rettere sagt etter jul), enn det eg har hatt dei fyrste 20 åra av livet mitt. For eg har alltid vore vant med at det er noko å gjera på, for når ein bur på ein gard er det faktisk alltid noko arbeid som kan gjerast, og skulle det ein gong vera noko problem kan ein jo alltids laga noko. Men så over til tenkinga igjen, etter å ha vore ombord her ei stund, klarer eg ikkje å finna meir enn to stk av befalet som liker seg her ombord, det er henholdvis orlokskaptein Furu, som er skipsjef, og kommandørkaptein Kartvedt, som er styrkesjef. Resten av befala om bord her drømmer bare konstant om å komma seg heim, men det er ein ting som får dei til å vere ombord, for dei har jo valt dette av eigen fri vilje, og det er nettopp det som me har blitt advara å velje eit yrke basert på, nemleg pengar. For alt dei snakker om på bro er den nye motorsykkelen, bilen, båten, huset og absolutt alle slags andre materialistiske ting dei skal kjøpa seg når dei kommer heim. I dag fortalte ein kapteinløyntant at han no hadde kjøpt seg ein 1100 kubikks motorsykkel, og såg etter ein Jaguar til ein halv million, som var det han skulle kjøpa seg etter eit år på sjøen. På kommenterte han eine Løyntnanten at det ikkje var eit så verst bytte mot eit år på sjøen. Eg for min del må seg at eg synes det høyrest ut som ein skikkeleg dårleg avtale, sløse vekk eit år av livet sitt på noko ein ikkje liker, bare for å få seg ein finare bil og motorsykkel, for ja, han hadde begge delar frå før av. Det eg vil fram til er at ein bør absolutt velga eit yrke som ein trivest med, ikkje det at ein skal gå rundtor å ha det heilt konge heile veien, men med jevne mellomrom bær ein føla at det verkeleg er ein meiningsfull og kjekk jobb. For slik som eg ser det, er det bare drikkinga i helgene ( og det er det enormt mykje av blandt befalet), og pengane dei tener som er det positive med jobben, og eg er overbevisst om at det ikkje er det minste sunt i lengden. Kunne nok skrive mykje meir, men no skal eg på vakt om seks minutter, så det får eg ta ein annan gong.