Tuesday, February 22, 2005

O`store og kjære skiturer

Snø, har vell sjelden savna snø og skiturar så mykje som no. Ikkje det at eg akkurat er nokon skiguru, men særleg i løpet av det siste året har eg blitt svært glad i skiturar, både i trekk og på langrenn. Det er jammen mykje i det ordtaket: Ein veit ikkje kor mykje ein er glad i noko, før ein har mista det. Dette var muligens litt fritt oversatt av meg, men poenget er det same, eg savner skiturar, og av ein eller annen grunn så er det litt vanskeleg å få det til om bord på ein båt. Men her om dagen smilte lykka, me låg til kai, og det vart arrangert skidag. Til min store glede fann eg ut at eg hadde vaktfri, og kunne dermed vere med på årets fyrste skitur. Men så skjer, rett før me skal reisa, (les: kvelden føre.), får me beskjed at me skal ha eit peppar spray kurs i staden for, og at me derfor ikkje får stå på ski. Kva er det for ein byttehandel, pepparspray mot skidag, eg må bare dra fram dei stygge orda: Hekkan, søren, fillen, at det går an, kan eg bli snøten for alt som heitar skiturar dette året, eg blir skikkeleg deprimert. Og dette motiverar meg til å lage ei fem på topp liste anngåande ski og snø, som skal mottivera meg til å komme igjennom den mest skifattige perioden av mott liv, forhåpentlegvis.

1. Neste vinter bur eg i snøland, og kan gå så mykje på ski som eg bare orker, så eg har jo i grunnen ikkje noko å klaga over, tenk på dei stakkars folka på hawai for eksempel.

2. Krik arrangerar mangen kule skiturar i løpet av året, og eg har allerede bestemt meg for å vere med på skitur ned til Østerrike neste påske, dersom eg får med meg nokon, og det hadde eg kanskje ikkje gjort dersom eg var på mange skiturar i år. Og der nede treffer eg kanskje drømme kvinnenen, og då tipper eg at eg er glad for at eg ikkje gjekk så mykje på ski i år.

3. Har hørtt at du blir ekstra god dersom du ikkje står på ski eit år, og så kommer tilbake neste år, men eg er fremdeles litt usikker på om ikkje dette bare er noko som eg har funne på oppe i mitt eige litt hovud etter litt for lang tid på sjøen.

3 1/2. På spar nede på hjørnet selger dei ikkje prosjonspakkningar av sjokoladepudding i enkeltpakkninger, slik som dei pleier å gjera i så store butikker, men derimot bare i to pakkninger, meget beklageleg

4. Eg er hjå Andreas, Morten og Petter no, det er derfor sparen er på hjørna, og dei står ikkje akkurat på ski kvar dag dei heller.............

5. No har det faktisk gått så langt at eg kan sitta roleg i lag med Petter å sjå på folk som går på ski, bare for at det minner om kor kjekt det eigentleg er, det har eg aldri klart før.

7 Comments:

Anonymous Anonymous said...

Bare for å helle masse salt i eit åpent sår. I mårå reiser eg i lag me 80 andre ung-ar/dommar t Hemsedal for å stå på ski i tri daga. Det blir ubeskriveleg.

3:33 PM  
Blogger Andreas said...

Halla hva skjer'a?

He toge fri frå skulen i dag.
Du ser at her e d en goe hallmeter snø, tri minusgrade og null skye.
Dette blir en fantastiske dag!

3:38 AM  
Blogger magnus said...

shallis

Eg vett, det suge å ikkje få stått på ski. Me må satsa på nogen ville tura neste år, ellers kan me jo ta folgefonnå i sumar;)

Heldigvis så er det trekk bare 10 min fra skulen min, så i går tok eg og fri og sto på snowboard en dag, det var nydelig.

1:03 AM  
Blogger dina said...

for å strø litt meir salt i såret: på mandag kom eg heim fra hemsedal.. 3 dager i norges beste skianlegg! =) du ska få lov te å miss unna oss.. hehe..
me hadde d veldig kjekt! =) har du hatt d kjekt uten snø og ski? :P

5:34 AM  
Blogger Hs said...

skiturer e faktisk heilt konge! men me må kje bare renna i trekket. eg e for å gå litt på langrenn og! lenge leve langrenn altså!

3:28 AM  
Blogger Unknown said...

for å helbreda litt på såret, så va du langt i frå aleina om å ikkje reisa t hemsedal...
sånn elles:
viss du vil så kan du sikkert få værmæ meg, leif, leif O og nogen t, på å gå finse - haukeliseter nå i påsken!

10:51 AM  
Blogger Hs said...

Håvard! nå må du få gangen i et nytt innlegg før eg blir fullstendig gal av å lesa "O`store og kjære skiturer" kver gång eg komme inn på bloggen din!

8:09 AM  

Post a Comment

<< Home