Tuesday, February 22, 2005

O`store og kjære skiturer

Snø, har vell sjelden savna snø og skiturar så mykje som no. Ikkje det at eg akkurat er nokon skiguru, men særleg i løpet av det siste året har eg blitt svært glad i skiturar, både i trekk og på langrenn. Det er jammen mykje i det ordtaket: Ein veit ikkje kor mykje ein er glad i noko, før ein har mista det. Dette var muligens litt fritt oversatt av meg, men poenget er det same, eg savner skiturar, og av ein eller annen grunn så er det litt vanskeleg å få det til om bord på ein båt. Men her om dagen smilte lykka, me låg til kai, og det vart arrangert skidag. Til min store glede fann eg ut at eg hadde vaktfri, og kunne dermed vere med på årets fyrste skitur. Men så skjer, rett før me skal reisa, (les: kvelden føre.), får me beskjed at me skal ha eit peppar spray kurs i staden for, og at me derfor ikkje får stå på ski. Kva er det for ein byttehandel, pepparspray mot skidag, eg må bare dra fram dei stygge orda: Hekkan, søren, fillen, at det går an, kan eg bli snøten for alt som heitar skiturar dette året, eg blir skikkeleg deprimert. Og dette motiverar meg til å lage ei fem på topp liste anngåande ski og snø, som skal mottivera meg til å komme igjennom den mest skifattige perioden av mott liv, forhåpentlegvis.

1. Neste vinter bur eg i snøland, og kan gå så mykje på ski som eg bare orker, så eg har jo i grunnen ikkje noko å klaga over, tenk på dei stakkars folka på hawai for eksempel.

2. Krik arrangerar mangen kule skiturar i løpet av året, og eg har allerede bestemt meg for å vere med på skitur ned til Østerrike neste påske, dersom eg får med meg nokon, og det hadde eg kanskje ikkje gjort dersom eg var på mange skiturar i år. Og der nede treffer eg kanskje drømme kvinnenen, og då tipper eg at eg er glad for at eg ikkje gjekk så mykje på ski i år.

3. Har hørtt at du blir ekstra god dersom du ikkje står på ski eit år, og så kommer tilbake neste år, men eg er fremdeles litt usikker på om ikkje dette bare er noko som eg har funne på oppe i mitt eige litt hovud etter litt for lang tid på sjøen.

3 1/2. På spar nede på hjørnet selger dei ikkje prosjonspakkningar av sjokoladepudding i enkeltpakkninger, slik som dei pleier å gjera i så store butikker, men derimot bare i to pakkninger, meget beklageleg

4. Eg er hjå Andreas, Morten og Petter no, det er derfor sparen er på hjørna, og dei står ikkje akkurat på ski kvar dag dei heller.............

5. No har det faktisk gått så langt at eg kan sitta roleg i lag med Petter å sjå på folk som går på ski, bare for at det minner om kor kjekt det eigentleg er, det har eg aldri klart før.

Tuesday, February 08, 2005

Litt flaks

No er eg i bergen for tida og skal ta lastebillappen, også kalla klasse C. Det er eg nokså kjempe veldig enormt godt fornøyd med, i og med at forsvaret dekker serfterikatet til ca 30 000 kroner, og at eg fekk "fri" i over to veker for å ta dette. Det vil i praksis seie at eg reiste opp til Bergen i frå Danmark på søndag, og fram til fredag (Då båten kjem inn til hamna), har eg kun lastebilkurset å fylla dagane med. Det vil sei at eg har ein time undervisning i dag, frå hal fem til hal seks, og resten av tida kan eg disponera fritt, ei veldig bra kjensle etter ein månad på sjøen. I dag stod eg derfor opp hal åtta, hadde morgoninspeksjon, gjekk og åt frokost, og gjekk deretter og la meg igjen. Så stod eg opp, leste eit Donald blad, gjekk til frisøren, blogga om at eg hadde vore hjå frisøren, og no sitter eg og blogger og at eg blogga om at eg var hjå frisøren. Hadde nok antageleg vore eit veldig kiip liv i lengen, men sånn for eit par dagar no er det veldig bra. Planen no er å gå å eta litt, trena litt etterpå, lesa litt, gå på kurs litt, og reisa inn til Bergen by litt, etterfulgt av å pussa tennene litt og såva litt etter det. Så vett dokke planen for HÅvard Nese den 8 februar 2005. Eg ser ikkje vekk i frå at dette er totalt meinigslaust å lesa, men det er no ein gong min blogg, og derfor gjer eg som eg vil, så får dokke bare leva med det.

Ops.....

Etter å ha brukt ein liten formue på sko, så eg meg rundt etter moglegheiter til å spare inn penger. For det er jo eit kjent faktum, at dersom du har for lite pengar, så må du enten tena meir, eller bruka mindre. Sidan det fyrste er rimeleg vanskeleg i millitære, valgte eg å gå for det siste. Ein ting som ein glatt kan spara ein tiar og to på i månaden er sjampo. På båten eg er på har me moglegheita til å benytta oss av gratis shampo, det er muligens litt drøyt å kalla det sjampo, det er vell meir som dusjsåpe av eit meget billeg merke. Merke og merke forresten, trur ikkje at det står noko merke på pakningen, og det har nok sin grunn. For etter å ha brukt den såpa i ein måned og to, gjekk eg i dag til frisøren (For under ein time sidan faktisk), og eg skal lova deg at hu ikkje var særleg imponert over resultat av den millitære dusjsåpa, den ødela visstnok heile hårbunnen, og det kan jo umuligt var særleg bra. (Frisøren var forreten frå nærbø, og ganske så nærme sønnen til svigermors draum. Dermed ente eg med å måtta kjøpa ein shampo hjå frisøren, og dermed gjekk vinninga opp i spinninga og vell så det. Moralen er: Pass på, ein kan lett spara seg til fant.