Thursday, January 13, 2005

Tja, nå har eg toke ein runde og lest på ein del av bloggane som ligger ute på "nettet". Fantastiske greie dette her, bare tenkt på då bestefar var på min alder, i 1930 (Hekkan det er lenge sidan, men på ein annan måte ikkje så lenge siden, komme vell litt ann på korleis du ser på det, dersom du tenker på kor lenge det er siden Jesus vart født, så var det ikkje så lenge sidn, for det er jo ikkje så stor forskjell på 1930 år, og 2005 år liksom. Uansett, poenget var at på den tida tenkte dei ikkje på internett ein gong, medan nå har me det!!!!!!!!!!!!!! "Dette va i groen grævla meiningslaust", sitat Tomti frå musikkprosjekt i niende klasse om gitarar på svensk. Spør Magnus, Øystein, Andreas eller Leif Olav om dette, og eg skal lova deg at dei kommer til å få seg ein god latter før dei fortel historia. Tenkte eg skulle kommentera eit par av bloggane for å litt meir terning i å skriva på tastatur, på fint kallt edb, og prøva å ruska litt opp i skrivekunstane mine, som ikkje akkurat har mått jobba dag og natt det siste to åra. Kjenner at det skal bli bra å byrja å studera til hausten, særleg etter at eg verkeleg har funne ut kva eg vil bli, sjølv om eg sikkert kjem til å sitta å grina som ein liten unge rett før eksamen, etter at det har gått opp for meg at ein ikkje kan setja likheitskteikn mellom bryne vgs og ntnu.
Skal ut og seila nå snart, håper at eg ikkje blir veldig sjøsjuk. Snakkte med Krisian, og den kommande herr Elise, sa at du bare var litt uggen den fyrste dagen, og at du komm over det etter ei lita stund. Til slutt gja han meg sitt ekspertråd, det var akkurat som å høyra ein gammal sjøhulk, (Har du nokon gong vurdert svart lapp over det eina auga i tillegg til skautet ditt, eg trur det hadde våre fantastisk kult), men rådet var altså å eta mykje, men sidan Jan Simonsen fekk det samme rådet når han var inne til sin fyrstegangsteneste, veit eg ikkje heilt om eg vil ta imot det rådet. Grunnen: Sjå på mannen då for søren!!!!!!!!!!!

1 Comments:

Blogger hekkfjell said...

Hahaha! Konge! Sjørøverlapp hadde våre fantastisk!

Men eg meine det med maten asså!

10:48 PM  

Post a Comment

<< Home